Kviteseid hornmusikk
KVITESEID HORNMUSIKK
 • Korpset vårt    • Årsplan og øvingsplan 2017/18    • ASPIRANTAR 2016/2017    • Siste nytt    • Medlemmer    • Styre og stell    • Korps-aktivitetar    • Lenker     • Gjestebok  

 

 

   Siste nytt
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 381 744

 

 



STØTT KVITESEID HORNMUSIKK GJENNOM GRASROTANDELEN!
 

Vi håper at medlemmar og andre støttespelare, foreldre, besteforeldre, naboar, vener og kjente; kort sagt alle som er glad for å ha eit korps i bygda, vil vere med på å støtte korpset ved å setje oss opp som mottakere av Grasrotandelen til Norsk Tipping!
Frå mars 2009 kan du sjølv vere med å bestemme kven som kan
motta inntil fem prosent av det du speler for hos Norsk Tipping.
Vårt org.nr i Brønnøysundregisteret er: 993 531 375

Alle registrerte spelare hos Norsk Tipping kan no gje inntil fem prosent av innsatsen sin til eit frivillig lag eller ei forening etter eige val. Dette gjeld alle Norsk Tipping sine spel, bortsett frå Flax og Extra.– Spelarkortet til Norsk Tipping er sjølve nykjelen til Grasrotandelen. Dermed sikrar du at mottakeren din blir støtta kvar gong du spelar – sjølvsagt utan at det gjeng på bekostning av innsatsen din eller premien din.

Vinn – vinn! Det har ikkje noko å sei om du tapar eller vinn på spelet ditt. Du blir heller ikkje belasta noko for å vere grasrotgjevar. Har du for eksempel spela for 100 kroner på Lotto, gjer Norsk Tipping fem kroner direkte til den mottakaren som du sjølv har plukka ut. Premien din blir like stor – uansett om du nyttar Grasrotandelen eller ikkje.

Når du skal tippe frå og med mars 2009, vil du bli gjort merksam på at Grasrotandelen finst. Du vil møte informasjon om dette uansett om du stikk
Spelarkortet ditt inn i terminalen hos ein kommisjonær, om du skal spele via norsktipping.no, om du speler på ein terminal, eller om du speler via mobilen.
Når du har funne deg ein mottakar til Grasrotandelen,
blir det sett av pengar til denne for kvart eineste spel du leverar.
Sjølv om ordninga startar i mars, vil den ha tilbakevirkande kraft frå 1. januar.

Kviteseid Hornmusikk har registrert seg i Frivillighets-registeret som mottakar av Grasrotandelsmidlane.
Du vil få meir informasjon om korleis du gjeng fram hos tippe-kommisjonæren din.
 

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Kontakt: m-jolle@online.no Org. nr: 993 531 375 Konto: 2660.20.17345