Kviteseid hornmusikk
KVITESEID HORNMUSIKK
 • Korpset vårt    • Årsplan og øvingsplan 2017/18    • ASPIRANTAR 2016/2017    • Siste nytt    • Medlemmer    • Styre og stell    • Korps-aktivitetar    • Lenker     • Gjestebok  

 

 

   Styre og stell
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 393 624

 

 


Lover for Kviteseid Hornmusikk

Lovene for Kviteseid Hornmusikk blei første gong vedteke på ekstraordinært årsmøte den 16.febr. 1978.
Seinare har lovane blitt endra på årsmøtet i 1983, i 1984, i 1990 og i 1994.

§ 1
Organisajon og formål
Kviteseid Hornmusikk er tilslutta Telemark Krets av Norges Musikk-korpsforbund. Korpset starta si verksemd 10.03.1925 og har som formål å dekkje alles interesse for musikk og skape godt kameratskap.

§ 2
Styret og deira oppgåver
Korpset vert leia av eit styre, samansett av 5 medlemer. Formannen (leiaren) vert vald på årsmøtet ved særskilt val mellom dei 5 styremedlemene, då helst mellom dei som tidlegare har vore medlem av styret.
Blant korpset sine utøverar skal det veljast ein/ei tillitsmann/kvinne. Denne har rett til å møte i styret sine møter.
Styret vel sjølv nestformann(nestleiar), sekretær, kasserar, og tilsynsmann/kvinne mellom sine medlemer
Styret konstituerar seg på fyrste møte etter årsmøte.
Årsmøtet vel også 2 varamedlemer til styret, ein revisor, materialforvaltar og ei valnemnd.
Formannen (leiaren) og andre i styret må ha rett til, utan press, å sei frå seg val etter 2 år.

§ 3
Styret har fylgjande oppgåver.
1) Å skaffe dei turvande pengar til drift av laget, i samarbeid med støtteforeningen. Eit medlem av styret i støtteforeninga som dette styret sjølv vel, møter fast i hovudstyret med tale- og forslagsrett.
2) Tilsetja dirigent og hjelpeinstruktørar.
3) Føre liste over alle korpset sine instrument og eigedom.

§ 4
Årsmøtet
Styret kallar inn med 14 dagars varsel til årsmøtet, helst i november månad.
Sakar som skal handsamast på møtet må vere innkomne til styret 8 dagar før møtet.
Årsmøtet er korpset si høgaste myndighet.

§ 5
Årsmøtet skal handsame
a) Årsmelding og revidert rekneskap.
b) Val av formann(leiar), andre styremedlemar og varamedlemer.
c) Val av revisor og naudsynt valkomitè.
Eventuelt andre saker som styret ynskjer handsama på årsmøte.

§ 6
Medlemskap og plikter
a) Medlemer som ikkje har fylt 15 år kan delta på årsmøte, men har ikkje røysterett og er heller ikkje valbare.
b) Før opptaking skal det leggjast fram skriftleg søknad, underskriven av søkjaren og hans foreldre eller føresette. I søknaden, som vert skriven på særskilt skjema, skal søkjaren binde seg til å fylgje laget sine lover. Søkjaren må også binde seg til å ta godt vare på instrumentet og uniformen som han/ho får låne av laget.
c) Korpsdeltakarane pliktar å møte fram på alle øvingar, eller når laget er engasjera, så framt han/ho ikkje er hindra av tvingande grunnar.
d) Korpsdeltakarane skal vera høflege, oppmerksame og arbeidssame og i det heile vise fin framferd.
e) For instrument som vert utlant skal det gjevast ei kvittering. Denne kvitteringa skal innehalde fråsegn om at monelege skader instrumenta får ved aktlaus handsaming vert å betale.
f) Foreldre/føresette til korpsdeltakar må teikne seg som ikkje-utøvande medlemer.
g) Alle andre som ønskjer det kan teikne seg som ikkje-utøvande medlemer, men har ikkje røysterett, og er ikkje valgbare.

§ 7
Kontingent
Årsmøtet fastset kontingenten for kvar av gruppene:
-Korpsdeltakarar
-Ikkje-utøvande medlemer som er foreldre/føresette
-Ikkje-utøvande medlemer elles.

§ 8
Materialforvaltar
Materialforvaltaren fører liste over instrument, uniformer og andre ting som korpset eig. Han tingar nye instrument, uniformer og andre ting som korpset treng i samråd med styret og dirigenten. Han/ho ordnar med ut- og innlevering av instrument og uniformer til korpsmedlemene.

§ 9
Oppløysing av korpset
Laget er uoppløyseleg.

§ 10
Lovendringar
Framlegg til endring av desse lovar må vera komne til styret inna 14 dagar før årsmøtet. Lovendringar må ha 2/3 fleirtal på årsmøte.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Kontakt: m-jolle@online.no Org. nr: 993 531 375 Konto: 2660.20.17345