Kviteseid hornmusikk
KVITESEID HORNMUSIKK
 • Korpset vårt    • Årsplan og øvingsplan 2017/18    • ASPIRANTAR 2016/2017    • Siste nytt    • Medlemmer    • Styre og stell    • Korps-aktivitetar    • Lenker     • Gjestebok  

 

 

   Korpset vårt
    - Treblås
    - Messinginstrument
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 400 281

 

 

 




Treblås
 
 
 
 
Alle treblåsare har ein skjør og innvikla mekanikk. Klaffar, puter, skruer, akslingar, kort- og filtdempare må vere i god stand og rett justera om instrumentet skal fungere. Sjølv små "feil" kan gjere instrumentet vanskeleg å spele på og ta vekk mykje av gleda ved å spile.
Her er nokre enkle reglar:

Generellt:
Ver alltid forsiktig når du set saman instrumentet. Ikkje set det saman utan at du har fått opplæring.
Legg instrumentet forsiktig frå deg, og sjå til at det ikkje kan falle i bakken.
Unngå å ta på mekanikken når du skal setje instrumentet saman eller flytte på det.
Sjå til at instrumentet ikkje blir fuktig.
Ikkje utsett treblåserinstrumenter for store temperaturvariasjonar. (i bilen om natta...)
Tørk alltid ut av instrumentet etter speling.
Ha rein munn når du spelar. Syre frå spytt og godteri skadar instrumentet.

Saksofon
Ein sax er set saman av eit stort antal bevegelege delar, og dei er veldig utsett for skadar. Ver forsiktig når du set sax'en saman!

Kvar gong du har spela:
Tørk gjennom instrumentet(sjå klarinett). Om du ikkje er nøye med å rengjere munnstykket, vil det etter ei tid danne seg ei hinne frå spyttet i kammeret på munnstykket. Dette gjer det vanskeligare å spele og det er litt ekkelt!

Kvar veke:
Bruk ein mjuk (maler)pensel til å børste vekk støv og skitt som har samla seg rundt mekanikken. Pass på at du ikkje kjem borti kork- og filtkapninger eller fjærar. Dei vert lett bøgd eller hekta av.

Av og til:
Mekanikken har godt av å bli smurt. Bruk rett olje og bruk berre ein liten dråpe på gjengane til akslingane og pivotskruane. Pass på å ikkje få olje på putane.
På alle klaffane sit det små puter. Desse tørker inn over tid og må byttast. Det er viktig at ein ikkje 'bader' instrumentet, då vil alle puter løsne eller bli øydelagt. All justering, smørjing og reparasjonar gjerast av instrumentansvarlig eller verkstad.

Klarinett:
En klarinett krev dei same forhaldsreglar som ein sax, men er kanskje enda meir utsett for skader om ein ikkje passar på å tørke gjennom instrumentet, spesielt om vinteren. Hugs at ein klarinett er laga av tre som påvirkast av tørr og fuktig luft. Ein klarinett skal aldri badast! All justering, smørjing og reparasjonar gjerast av instrumentansvarleg eller verkstad.

Kvar gong du har spila:
Kvar del av klarinetten må tørkast godt innvendig etter kvar bruk. Til dette treng du ein klarinettsvaber (eit mjuk pusseskinn/klut festa til ei lang snor med eit lite lodd i enden. Loddet må enten ha ein glatt overflate eller være dekka med stoff.) Dessuten treng du ei pussefille.
Ver spesielt nøye med å tørke av munnstykket! Skru av rørklemmane og tørk gjennom med pussefilla. Bruk aldri varmt vatn. Beskytt alltid munnstykket med rørhetta når klarinetten ikkje er i bruk.
Hvis du ikkje er nøye med å gjere reint munnstykket, vil det etter ei tid danne seg ei hinne fra spyttet i kammeret på munnstykket. Dette gjer det vanskelegare å spele og det er dessuten litt ekkelt.
Tørk og gjennom pærestykket og klokkestykket. Bruk klarinettsvaberen til å gjere rein øvre og nedre del av klarinetten. Slipp loddet fra toppen av stykkane.
Tørk og av klarinetten utanpå.

Kvar veke:
Bruk en mjuk liten (maler)pensel til å børste vekk støv og skitt som har samla seg rundt mekanikken. Pass på at du ikkje kjem borti kork- og filtkapninger eller fjærar. Dei vert lett bøgd eller hekta av.

Av og til:
Klarinetten skal oljast innvendig. Du kan bruke klarinettsvaberen til dette. Oljen gjer klarinetten glatt innvendig og hindrar sprekkdannelse.
Mekanikken har godt av å bli smurt. Bruk rett olje og bruk berre ein liten dråpe på gjengane til akslingane og pivotskruane. Pass på å ikkje få olje på putane.

Fløyte:
Fløyte er og eit treblåseinstrument, sjølv om dei fleste fløyter idag er av metall. Fløyta har same klaffar som sax og klarinett, og krev difor same vedlikehold og varsemd. Det er forbudt å prøve seg på reparasjonar sjølv!
Det hender at nokon fjær kan hoppe av festane sine slik at klaffane ikkje ”gjeng opp att”. Då er det berre å vippe dei på plass att.

Kvar gong du har spela:
Trekk ein rein mjuk klut gjennom auge i rensestanga og tørk forsiktig inne i instrumentet. Bruk ikkje vatn. Det skadar putane.
Kvar veke:
For å fjerne støv som samlar seg under og rundt klaviaturet, skal du bruke ein liten rein og mjuk (maler)pensel til å børste med samtidig som du blås støvet vekk.

Av og til:
Polèr fløyta med ein rein klut. Bruk ikkje sølvpuss, men fukt eventuelt kluten.




Utskriftsvennlig versjon

 

 

Kontakt: m-jolle@online.no Org. nr: 993 531 375 Konto: 2660.20.17345