Kviteseid hornmusikk
KVITESEID HORNMUSIKK
 • Korpset vårt    • Årsplan og øvingsplan 2017/18    • ASPIRANTAR 2016/2017    • Siste nytt    • Medlemmer    • Styre og stell    • Korps-aktivitetar    • Lenker     • Gjestebok  

 

 

   Korpset vårt
    - Treblås
    - Messinginstrument
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 400 230

 

 

 




Messinginstrument
 
 
 
 
 
 
Vask av messing og sølv: Instrument som er messingfarga er lakkera med ein tynn celluloselakk for at glansen i instrumentet skal behaldast. Denne lakken tåler ikkje varmt vatn eller såpevatn! Difor skal desse instrumenta berre vaskast i lunka vatn.
Sølv-instrument kan vaskast i varmare vatn, gjerne med eit mildt oppvaskmiddel, som Sunlight. Ikkje bruk Zalo, da denne fjernar alle fettrestar og tærar på alle loddingar.

Trompet/kornett:
Trompeten er ikkje så vanskeleg å halde ved like:
Ta instrumentet frå kvarandre, med bøylar og ventilar, og la det liggje ein times tid i vatnet. Korpset har egna koster til instrumentet.
Det er viktig at ventilane settjast på rett plass. Dei skal være merka med tal, 1-3, men det kan vere vanskeleg å finne desse merkane.
Ventilane må oljast med eigen ventilolje.
Pass også på at korken på spytteklaffen er tett.

Tuba, baryton, tenorhorn og althorn er forholdsvis lette å halde ved like.
Desse instrumenta må behandlast på samme måte som trompet og kornett

Trombone:
Trombonen treng og ein såpevask (sunlight). Ta frå kvarandre bøyle, sleide og munnstykke, og la det liggje i lunka vatn ein times tid. Deretter skyljast og tørkast alle deler. Endane på bøylen smørast og setjast forsiktig på plass. Enden på den innvendige delen til sleiden smørast med eigen smøring og sleiden setjast saman. Sjølve sleiden smørast med reint vatn sånn at den glir glatt og jevnt. Sett saman trombonen og prøvespill for å kjenne at alt er som det skal.




Utskriftsvennlig versjon

 

 

Kontakt: m-jolle@online.no Org. nr: 993 531 375 Konto: 2660.20.17345