Kviteseid hornmusikk
KVITESEID HORNMUSIKK
 • Korpset vårt    • Årsplan og øvingsplan 2017/18    • ASPIRANTAR 2016/2017    • Siste nytt    • Medlemmer    • Styre og stell    • Korps-aktivitetar    • Lenker     • Gjestebok  

 

 

   Korpset vårt
    - Litt av soga - frå 1925
    - 1962
    - 60-års jubileum i 1985
    - 50-års jubileum i 1975
    - 70-års jubileum i 1995
    - 75-års jubileum i 2000
    - Dirigentar
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 400 292

 

 

 





70-års jubileum i 1995
 
Kviteseid Hornmusikk feira 70-årsjubileum i 1995.
I samband med jubileet var det jubileumskonsert på Sundvang søndag 22/10.

Biletet over blei teikna av John Skarprud og er frå plakaten som vart nytta til konserten.


Jorunn Aasland skreiv denne prologen til jubileet:
Tidleg, tidleg påskemorgon
høyrdest over Kviteseid by
Påsketonar spelt på messing,
klokka seks, ved morgongry.
Gjennom hus og tun og hage
høyrdest tonane som aldri før
vekte folk, og utan klage
stod dei opp og opna dør.

Sverre Knutsen var skomaker,
men han kunne andre ting.
Kjøpte bass og andre saker
og fekk hornmusikk i sving.
Slikt fanst før i nedre fylket
ikkje så langt opp som oss.
Men i 1925
starta det ein tonefoss.

10-12 mann på Utsiktshaugen
spela alt dei hadde lært
Påsketonar over bygda.
Det var nytt og flott og svært.
10-12 mann med kvite luver,
stolte, stramme, flinke menn.
Korps i Kviteseid var eit faktum.
Ryktet gjekk frå venn til venn.

Sidan har det komme tonar
gjennom heile sytti år.
Noteteikn, millionar,
er blitt tolka år for år.
Dirigentar kom og gjekk,
heva stokken og blei vekk.
Somme trufaste og seige,
andre innom og til leige.

Pengar trongst og kom på bordet.
Instrument, og små og store
uniformar måtte til.
Kurs og turar kom på bane
og ei bøn: Me treng ei fane!
Støtt med pengar, den som vil!

Speleoppdrag rundt i bygda
og i grannebygder med
krev at strømpene er like,
bukser blir lagt opp og ned.
Mykje tid blir brukt til leiting
etter notar, sko og slips
Mødre, fedre eller brødre
kjem med gode råd og tips.

17. mai er sjølve dagen,
de må jobbe, helst for to
Reine tonar, gamle marsjar,
notemapper, gode sko.
Fridomsdagen for dei andre
har de ekstra slitsom dag
Trygdeheimen, Vråliosen,
lapskaus mellom trommeslag.

Vegen vidare for mange
går om Kvitsund sommarleir
A-kurs, M-kurs, Instruktørkurs
kanskje fins det endå fleir
Fin konsert i Ibsenhuset
gjer det store, flotte suset.
Ei oppleving er det då
sitja der og høyra på.

Dirigent, musikantar,
hald fram med å streve
slik at musikken
framdeles kan leve!
Me skal jubilere
og eg vil få sagt:
Til lukke med dagen,
med tone og takt!



Utskriftsvennlig versjon

 

 

Kontakt: m-jolle@online.no Org. nr: 993 531 375 Konto: 2660.20.17345