Kviteseid hornmusikk
KVITESEID HORNMUSIKK
 • Korpset vårt    • Årsplan og øvingsplan 2017/18    • ASPIRANTAR 2016/2017    • Siste nytt    • Medlemmer    • Styre og stell    • Korps-aktivitetar    • Lenker     • Gjestebok  

 

 

   Korpset vårt
    - Litt av soga - frå 1925
    - 1962
    - 60-års jubileum i 1985
    - 50-års jubileum i 1975
    - 70-års jubileum i 1995
    - 75-års jubileum i 2000
    - Dirigentar
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 404 719

 

 

 




Litt av soga - frå 1925
 
 
Denne soga blei skrive i 1995, til 70-års jubileet, av Frode Torp-Hansen. Han var bass-spilar i hornmusikken heile tida frå starten av og fram til 1978. Han var kasserar for hornmusikken heilt fram til 1981. Han blei utnemd til æresmedlem, og blei tildela Norges Musikkorpsforbunds fortenestemedalje.
Hornmusikken har fått den gamle bassen hans i gåve.
"Sverre Knutsen frå Ulefoss dreiv på 1920-talet som skomakar i Kviteseid, fyrst i skomakarverkstaden til Sigurd Norstrud i garveribygningen, seinare i eigen verkstad.

I 1924 fekk Sverre Knutsen med seg Petter Oppebøen, Karl Oppebøen, Anders Lund, Olav Noraberg, Einar Jore, Andreas Rollefstad, Hallvard Aasheim, Dag Torp-Hansen og Frode Torp-Hansen for å få til eit hornmusikk-korps i bygda.
Knutsen hadde tidlegare vore med i Frelsesarmeens hornmusikk i Ulefoss. Ingen av oss andre hadde spila horn før.

Interessa var stor hjå folk i bygdi. Det vart samla inn pengar og halde fleire basarar. Det var smått med pengar i den tid. Eg var så freidig at eg skreiv brev til fru Cappelen på Ulefoss. Ho var kjent for å vere snill. Ho hadde mellom anna gjeve ovnar til eit av bedehusa i bygdi. Og ho var raus med oss, ho gav 400 kroner.

Den 10.mars 1925 kom Sverre Knutsen med instrumenta på rutebåten frå Skien. Ni hundre kroner var betala, og resten, kr. 720,-, stod på avbetalingskontrakt.

Me heldt øvingar hjå Sverre Knutsen på Oppebøen seks kveldar i veka dei tre fyrste vekene for å få til musikk påskedagen.
Det var berre to av oss som kunne noter, så dei fyrste dagane gjekk med til notelære.

Fyrste påskedag 1925 heldt korpset sin fyrste konsert. Klokka seks om morgonen stilte me opp på Utsikthaugen og spila for heile bygdi.
Seinare vart det konsertar rundt om i bygdi.

Ein gong me spila på brygga i Kviteseid kom Gudbjørg Bjørnson, enka etter dyrlege Bjørnson, og spurde etter kasseraren for korpset. Ho synest det var så gildt med hornmusikk, at ho ville gje ei pengegåve.

I dei fyrste åri tok me turar til Morgedal, Dalen og Fyresdal.
Me spila på stevne og skirenn, mellom anna på landsrennet i Morgedal i 1928 som vart kringkasta. Og me spila sjølvsagt på 1. og 17.mai.
I fyrstninga gjekk 17.mai-toget her i Kviteseid frå det gamle kommunehust og heilt opp til Granlien. Det var lange og harde bakkar, så sjølv om me var unge og spreke, så vart me nokså trøtte på truten.

I krigsåra 1940-45 kunne det av gode grunnar ikkje verta hornmusikk, og det tok ei tid å kome i gang att etter krigen.
John Hals vart dirigent og etter han Helge Traskjær i
19 år og so Oddvar Røise i mange år.
Korpset hadde ei tid 36 musikantar.

Johs. Otterstad, den kjende musikar og dirigent i Lunde, fekk sjå Kviteseidsongen av Johannes Skarprud i eit blad, og laga god melodi til den for hornmusikken.

Ei storarta støtteforening hev teke inn ei mengd pengar, og hev gjeve korpset det gilde banneret. Kviteseid kommune skal ha takk for fine pengeløyvingar"

Frode Torp-Hansen





Utskriftsvennlig versjon

 

 

Kontakt: m-jolle@online.no Org. nr: 993 531 375 Konto: 2660.20.17345