Her vil vi prøve å samle tekst og bilete frå ny og gamal tid. Vi er glad for innspel frå alle som har noko å bidra med!
Kviteseid Hornmusikk blei stifta 10.mars 1925. Sverre Knutsen var den fyrste dirigenten. Korpset hadde då 9 musikantar. Den aller fyrste konserten var på fyrste påskedag i 1925 klokka seks om morgonen. Då stillte korpset seg opp på Utsikthaugen og spela for heile bygda.
Før 1967 var Kviteseid Hornmusikk eit korps berre for vaksne. I 1967 sette Helge Traskjær, som då var dirigent, igang med opplæring av dei fyrste born frå ca. 9 års alder.
|